Her kjem altså det andre albumet i serien "Herlige Godøy". Eg har gått litt småamok med kameraet, og tatt meg ei runde rundtom på øya.
Mange av motiva vil nok vere slik at det kanskje er berre ein, to eller nokre få personar som kjenner seg igjen, og har tilknytning til staden som er avbilda.
Andre bilete er av ting alle vi Godøyingar kjenner til, medan nokre av motiva er av ting som sjølv utanbygdingar kanskje vil like.
Dersom nokon har kommentarar til bildetekstar, eller kanskje forslag til stader som "manglar", so er det sjølvsagt lov å enten legge inn ein kommentar eller sende meg ein mail;)
Ver oppmerksam på at albumet inneheld ein del fleire bilete enn det første, so det kan vere greit å ha tida til å setje seg ned i gostolen, lene seg godt fram, og nyte mange flotte bilete!
Kommentarar frå dei som måtte føle for å ytre si meining om albumet er sjølvsagt velkomne!;)
ENJOY!
(klikk på biletet for å kome til albumet)