søndag 18. mai 2008

Litt 17.mai bilder

Det vart ikkje mange bilda på meg, men her er eit lite utvalg av det EG rakk å få med på nasjonaldagen i år!


Stolte faneberarar i spissen for toget.

Flinke drillpiker


Det typiske mai-veret krevde både solbriller og paraply...

Her ser vi eit eksempel på ei svært lokal regnbyge.....

fredag 16. mai 2008

onsdag 14. mai 2008

torsdag 8. mai 2008

8. mai

Kva er vel betre enn å feire frigjeringsdagen med ein tur på Godøyfjellet? For eksempel Sløk først og krigsminnesmerket i skogen ettepå?

Den første boka på Sløk for 2008 er allereie oppbrukt, så ei splitter ny bok ventar på deg. Ikkje vent for lenge, Godøyfjellet vil gjerne ha akkurat DEG på besøk! Gjerne i dag :)

Fleire bilde av Sløk og krigsminnesmerket finn du her.

søndag 4. mai 2008

Folkefest på Storehønnjet

Vel 100 folk i alle aldrar var samla på Storehornet på Godøya søndag 4. mai. Då vart nemleg den nye sikteskiva på toppen avduka. Ho viser retning og avstand til andre øyar og fjelltoppar i området, så no skal det ikkje lenger vere tvil om kva det er du ser frå Godøyfjellet!

- Eit vellykka arrangement, seier Jan Dybvik frå Godøy og Alnes Lions Club. Det var Lions-klubben som tok initiativ til sikteskiva, som no er på plass med god hjelp frå velvillige sponsorar og ivrige dugnadsfolk.

- Tatt i betraktning at det var konfirmasjon rundt omkring, var det godt oppmøte. Nydeleg ver og fantastisk utsikt, rett og slett ein strålande dag på fjellet!

Bilda finn du her.

fredag 25. april 2008

Glimt frå ein Alneskveld

For ein fantastisk kveld, på Herlige Godøy!

Flyging, balansering og kasting av ymse balltyper, samt ein liten skatetur på Alnes:)

Her er det balansekunstnaren Tor Plingvald som brifer med ekstravagant eleganse på den halvstramme lina, eller stroppa om du vil!



fredag 4. april 2008

Smakebit frå januar

Utsikt gjennom eit isflak, ein kald vinterdag ved Høgstein Fyr...

onsdag 26. mars 2008

Ekspedisjon Topptur på Godøya!

Underteikna vart sjølv forhindra frå å delta på denne legendariske ekspedisjonen, men det vart likevel dokumentert pr. fotoapparat.
Det majestetiske Storehornet bydde på snødekte skrentar og dramatiske stup, men alle kom seg relativt velberga ned, ifølge rapporten.

Følg linken under, til Maria&Pauli sin blogg, der ligg eit utvalg blinkskot frå turen!

http://mariapauli.blogspot.com/2008/03/topptur-p-godyfjellet.html

tysdag 25. mars 2008

Ekspedisjon Giske

Expedition Giske

Ein strålande soldag i påska tok ekspedisjonsteamet ein treningsekspedisjon på naboøya Giske.

Ein må vere i storform i tilfelle forholda legg seg til rette for ein storekspedisjon på sjølvaste Godøyfjellet, og dette var ei utfordring som passa høveleg bra.

Klikk på biletet for å komme til albumet.

søndag 9. mars 2008

Nybygg i nedre Leitebakk

I nedre del av Leitebakk tar det nye byggefeltet Kristiantun form. Det har no kome på plass 3 hus. Her er nokre bilde eg knipsa ein lettare skya laurdagsmorgon i mars.
(hadde eg venta et par tre timar hadde sola og den lett kvitklatta himmelen fått vore finare bakgrunn, men det blei no eingong ikkje slik;)


Dei nye husa på bakketoppen får seg ei flott utsikt over Breidsundet, og rett inn til Ålesund.

Her ser vi so vidt at det jobbast med den nye avdelinga på barnehagen.

torsdag 24. januar 2008

Herlige Lenker!

Sjekk denne sida for flotte bilder av Godøya!

http://fjellinordvest.net/content/view/213/1/

Lengst nede på sida ligg et par lenker til turartiklar skreve av brukarar av http://fjellinordvest.net .

onsdag 23. januar 2008

Vinter

Vinteren har dryssa litt Herlig pudder på vårt stolte fjell.
Skulle nok ha vore ein del meir, so kunne vi traska opp og rent oss ned igjen!:)
:

Ein strålande dag på Herlige Godøya!
:






Det byggjast på Herlige Godøy!
Fleire burde følgt desse eksempla, og no har de sjansen!
Tomter til salgs, løp og kjøp!:)
:
Til slutt; eit lite glimt frå utgangen av Alnestunnelen og området rundt.
:




søndag 13. januar 2008

Soloppgang!

Eg har registrert at det tydeligvis er trufaste sjeler, ELLER tilfeldig forbipasserande, som sleng innom bloggen på tross av manglande oppdateringar.

Det er berre å beklage, det er ikkje Godøya som har slutta å vere Herlig, men eg som har vore elendig til å både knipse og legge ut nye bilder!

Den første posten i 2008 er rett og slett nokre blinkskot frå ein av mange fantastiske soloppgangar eg har hatt som bakgrunn til frokosten min.

Bilda er tekne med eit halvdårleg kompaktkamera, og eg har heller ikkje "tukla" med dei. Eg veljer å berre legge desse ut som dei er, for det syntes eg rett og slett var flott nok! :)

Nyt dei, og stikk gjerne innom for nye oppdateringar, eg lovar det ikkje skal bli lenge til!;)





torsdag 26. juli 2007

Husdyr

Her ein tidleg morgon fekk eg brått besøk, ein meter frå kjøkkenvindauget. Eg rakk ikkje å hente kamera før dei hadde hoppa over gjerdet, men der stod dei og poserte litt, so eg fekk eit ok bilete:

laurdag 14. juli 2007

Fjelltur!

Oppe på vårt flotte fjell
har vi vatnet, som vi brukar til å slukke tørsten og brannar og slikt.

I tillegg til endå fleire funksjonar kan vi faktisk fiske i det også!

Eg og Ludo tok ein prøvetur i helga. Med kun mobilkamera vart det ikkje dokumentert so bra, men eg vil her leggje ut nokre bilde som gir ein smakebit.

Vi hadde ein fantastisk tur, med perfekte forhold!


Leif Sindre, reine fjellgeita! Oss gjekk opp på Alnes-sida, som e den minst slitsomme..


Alnes-by-kveld, et vakkert skue.


Osteskive-by-Ludo, ikkje like vakkert, men dog et skue!


Det blei fangst me, en feit og fin en! På sluk.


Den var vel 30cm lang, og vog 430gram ferdig gjort opp. Ikkje verst d;)


Ludo prøvde desperat å toppe den, men ingen ørreta gadd å bite på dei rustne gamle slukane hans, hehe...


En nydelig solnedgang på fjellet, i total stillhet! Det blir ikkje betre!:)