måndag 28. mai 2007

Rubens Framtidsvisjon...

Vel.. ka ej kan sei..

Klikk på overskrifta og sjekk ut Ruben sin oppsiktsvekkende visjon!

onsdag 23. mai 2007

17.Mai på Herlige Godøy!

17 mai på Herlige Godøy

Klikk på bildelinken for album.

I tillegg til eit knippe bilete frå årets 17.mai-feiring på Gøyna, har eg fått overtalt Nils-Ove til å få leggje ut den glimrande talen han heldt på folkefesten. Det blir sjølvsagt ikkje det samme å lese den, som å få den servert i verbal form med folkets tilhøyrande latterkuler, men for dei som var so uheldige å ikkje få vere tilstades er det nok betre enn ingenting;)

ENJOY!!:

Kjære landsmenn…nei, det blei feil. Jaja…hei, jaffal. Kjekt å sjå dokke!

Og utruli kjekt å få løv å holde tale på 17. mai. No he ej levert inn skriftlig søknad i åtte år på rad, men he fått klar beskjed kvar gong om at ej e for barnslig. Eller for kjedli. Eller at ej prata for fort. Og for lenge. Men no he ej endelig fått sløppe til, takka vere det nye antrekket so ej fekk te 17. mai i fjor. Sunnmørsbunad, med kniv og greier. Det skal ikkje so mykje meir til. En skarpe kniv helde i massevis...

Men ka skal so han Nils-Ove Støbakk prate om på 17. mai? Ikkje he ej vør i Auschwitz, ikkje he ej opplevd nokken krig, ikkje he ej levd so lenge at ej kan fortelle historie frå barndommen min. Sjøl om det sikkert e mange so kunne tenke sej å mimre tilbake til 80-talet med Bugg, snøjoggera, kjeiekasse på sykla, pyramideforma saftis, uttrykk som ”ånns” og slikt. Og ikkje minst ”Redda Joppe – død eller levande!” Det vå so bra, det! Men kanskje ikkje i dag…

Ej søkte litt på internett ette tips til 17. mai-tale og då fann ej blant anna nokke han Are Kalvø skreiv for nokken år sia.

”Det er snart nasjonaldag, den dagen då vi feirer at vi lever i eit land der vi alle har rett til å seie det vi vil i altfor lange syttande mai-talar. Alltid når eg høyrer ein syttande mai-tale, så tenker eg: Eg veit at vi lever i eit land der alle har lov til å seie absolutt alt dei vil. Men det betyr ikkje at du må seie absolutt alt akkurat no og akkurat her. Det går an å spreie det litt utover på dei andre dagane i året.”

Sann tru ej kanskje at nokken tenke om mej mæ. Han der prata no heile tia, kvar dag, heile året likavel. Ka i alle dage han skal plage oss me no, da?

Men ta det heilt med ro, folkens! Ej skal prøve å ikkje holde på altfor lenge. Sjøl om det e veldig fint å stå her og sjå på dokke. Og sjøl om det aldri meir kjøme te å skje at nokken sei at ej kan prate om det ej vil, so lenge ej berre vil. Men når folk bjønde å kaste ting, då skal ej ta hintet og vurdere å runde av. Åsso må dokke berre huske at å vurdere å runde av e ikkje det samme som å runde av…



Uansett – i dag skal ej snakke om plassen me dei finaste damene, den flottaste naturen, dei nydeligste burgerane, den djupaste tunnelen, den kaldaste vinden, dei raskaste fotballspelerane og den beste hallen – so kvar 17. mai bli fylt opp me folk so samlast for å ha det kjekt ilag. For å ete, holde på me leika – og litt slikt.

Ej skal snakke om Godøya – og om godøyingen.

For kenn e han egentlig? Spør du en østlending, vil han garantert spørre ”Hæ? Godøya? Hvor er det?” So forklara du kanskje litt, åsso ”Aha – dokke e sanne ålesundera? Sunnmøringa?” Åsso bli godøyingen rasende og nekta på alt. En godøying e kanskje sunnmøring – sjøl om ikkje alle e heilt enige ti det heller – men han e jaffal ikkje ålesunder!

Forresten litt rart ditta me sunnmøringa. Tidligere vå folket frå området mellom Romsdalsfjorden og Strynefjellet og Stad mest kjente for å vere flenke forretningsfolk so kunne gjer gull ta gråstein og drage opp den største kval sjøl ta det minste fjellvatn. Sei du sunnmøring i dag – so tenke folk flest på en raudhåra fotballspeler med raude Ferrari so spela på et raudt lag med raude drakte. Borti England en plass…

Men godøyingen, ja. Forresten, då ej studerte i Kristiansand, traff ej på ei jente so sa ho vå frå Bergen. Og det hørtes kanskje sann ut på dialekta, sjøl om ej ikkje e nokken stor ekspert på dialektene i bergensområdet. For det vå derifrå ho kom – bergensområdet, ikkje Bergen. Når ej ettekvart fann ut at ho slettes ikkje vå frå Bergen, men frå Knarvik – heile 27 minutt nord for Bergen, so svarte ho ”jaja…samma det, vel?” og såg ikkje ut te å bry sej. Kan du tenke dej ka tuln ej blei? Tenk å ikkje vere stolte ta heimplassen sin, da! Aiaiai…

Ikkje for å skryte, men då ej vå i ”militæret” for seks-sju år sia so blei ej kjent me folk frå heile landet. Og nokken ta dei spurte no karr ej kom frå. Ej kunne svart Ålesund og blitt ferdig med det – men heldigvis so klarte ej å holde mej kald og rolig og sei ”Godøya – åsso kunstpause – ei øy uttafor Ålesund”. Og det funka det, also. Ette ei stund so vå ej berre kjent som ”Støbakk, frå Godøya uttafor Ålesund”. Hadde klart mej fint uten dinna Ålesund-etteslengen, men ej klarte no jaffal å få dei til å forstå at ej vå en enkel, landsens gut so kom frå ei øy langt der ute i havet en plass.

Men nok om mej – ka e egentlig en godøying? Ifølge folk ej kjenne frå Vigra og Valderøya so e godøyingane ganske sære. Og oss e veldig patriotiske. Ej hekje hørt giskingane sei nokke slikt, men det e vel fordi dei e endå særere. Og endå meir patriotiske. Heldigvis he der komt månge tomte og nye hus på Giske dei siste åra og ganske so månge innfløttera – han Svein-Arve e til og med leder i 17. mai-komiteen der i år – so snart bli dei vatna ut. Og då kan oss herje åleine på toppen – som dei ukrona kongane og dronningene ta særheit og patriotisme her i kommunå. Blikje det bra, vel?


Det e forresten utruli lett å vere godøying no i forhold til før i tia. Jaffal for dei so prøva å finne sej kjæresta og slikt på dei andre øyane. Då han Besten bjønte å fare på Giske for å sjekke opp næ Besta, på slutten ta 40-talet en gong, vå det en anna kar på Godøya so satte store pris på det. No hadde han endelig nokken å ro attme når han skulle besøke kjæresten sin – og no slapp han å ro rundt Lesten og Alnes, slik at ingen såg na…

Ka tru dokke hadde skjedd om en 16-17-åring satte sej i en robåt og stakk te Giske en sommerdag i 2007? Kystvakta hadde blitt tilkalt, redningshelikopteret hadde letta frå Vigra og på Dagsrevyen hadde hovedoppslaget blitt at ”ein galen tenåring frå Godøya utanfor Ålesund vart i kveld plukka opp av hjelpemannskap etter at han la ut på rotur heilt åleine på veg over det livsfarlege Giskesundet. Sjokkerte tilskodarar såg at ungdommen ikkje hadde verken motor eller redningsvest og ringde etter augneblikkjeleg hjelp. Guten er no til psykiatrisk observasjon på Ålesund sjukehus, båten er teken i forvaring i påvente av sjøforklaringa”.

Men heldigvis e det mykje enklere no for tia. No he til og med kommuna lagt til rette for at godøyinga og giskinga skal bli kjent heilt ned i 13-14-årsalderen. Sende dei på samme skule – ja til og med i samme klasserom! Og viss nokken skulle finne på å bli kjæresta, ja, då kan dei berre ta samme bussen ette skulen. Forferdelige greier, hæ? Det e vel ikkje lenge før ØSS bjønde å prate sammeleis og greier mæ. Det skal bli spennende å sjå…

Men der e jaffal nokken ting som ikkje he forandra sej på Godøya. Håpe ej. Dugnad blei for nokken år sia kåra til norsk nasjonalord, og ej vil våge å påstå at dugnad he vør litt Godøya sitt ord mæ. Både idrettshallen og bedehuset her ute he blitt bygd på dugnad, og sjøl om oss kanskje ikkje e fullt so flenke til å ta i et tak no so dei visstnok vå før i tia – so satsa ej på at alle stille opp når oss skal ha maledugnad oppe i firmannsboligen i Leitebakk no om ikkje so lenge. Ho Berit Johansen kan lage brennsnut, so kan ej ta bilde og sende inn te Øy-Blikk og skrive ”sjå kor flinke godøyingane er til å hjelpe kvarandre og ta i eit tak der det trengst mest av alt”.

Men én ting e å ta i et tak og hjelpe til med nokke fysisk en gang iblant. Nokke so e endå viktigere, e å sjå folka so e rondt dej. Og her skal ikkje ej fleipe nokke, for det e so forferdli viktig. Sjøl om oss på Godøya he vør kjent for et godt samhold, at alle kjenne kvarandre og slikt – so e det folk so he problem her mæ. Det ekje alle so he det like lett heile tia, og der e heilt sikker månge so gjerne kunne tenkt sej nokken å prate med. Eller i alle fall nokken so spurte ”Karleis he du det i dag?” og forventa et ærlig svar…

Forhåpentligvis so kan oss meine det når oss spørre om karleis andre he det. So ikkje det bli sann so i Australia, der dei berre sei ”How are you?” når dei treffe på nokken og so berre gjenge videre. Det e sikkert godt meint, men ej søns berre d virka so meiningslaust. ”Heisann, karleis he du det?” – åsso berre gå videre uten å engang få et svar. For ej tru at der e månge so gjerne vil sei nokke meir enn berre ”Jøudå, d gjenge no”. Det handla om å vere ærlige med kvarandre. Det handla om å bry sej om kvarandre. Og der tru ej at oss alle kan bli flenkere.


E det nokke godøyingen kan, so e det å samle sej attme andre godøyinga når det skje nokke. Enten det e tunnelåpning, fotballkamp, 17. mai eller når en ta linebåtane kjøme igjen frå sjøn. Og mitt inntrykk e at det ekje mange plassa oss he det bedre enn på Godøya. Det ekje mange plassa at so mange reise heim igjen for å feire 17. mai og det ekje mange plassa at borteboende studenta ringe ti ganga i løpet ta en fotballkamp for å få vite ka stillinga e, so dei kan legge det ut på nettet til alle dei andre borteboende studentane og fiskerane so lure på ka det gjenge.

”Borte bra, men hjemme best” ekje tull engong. Men sjøl om oss e flenke, sjøl om oss he et bra fellesskap her på øya og e stolte ta å vere sære og patriotiske – so kan det bli bedre. Oss kan bli flenkere te å bry oss om kvarandre, oss kan bli flenkere til å sette av tid attme andre. Og oss kan bli flenkere te å prioritere tia vår slik at det ikkje e nokken få so må gjer alt. Enten det e snakk om korps, idrettslaget, det so skje på bedehuset, Godøytun, foreldreutvalg på skulen, 17. mai-komiteen osv osv osv.

Det e forresten Kristi Himmelfartsdag i dag, i tilfelle det skulle ver nokken so ikkje he fått det med sej midt i all brusdrikkinga og isejtinga. Og for om lag to tusen år siå vå d en meget smart fyr so sa at ”den som vil vere stor mellom dokke, han skal vere tjener for dei andre. Og den som vil vere den første mellom dokke, han skal vere trell for dei andre.”

Og det håpe ej kan gjelde for oss mæ. At det ikkje e om å gjere å ver størst og best og høgast oppe i ”systemet”, men at oss kan komme oss ned på bakkenivå og ta i et tak der det trengst.

Godøyingen e nokke for sej sjøl. Men forhåpentligvis tenke ikkje han berre på sej sjøl. Og det trukje ej at han gjer heller.

Utruli kjekt å ver her attme dokke i dag, folkens. Ej feira 17. mai i Bergen et år, det vå gørrkjedli i forhold til å ver på Godøya. Og då ej vå der søns ej ærlig talt synd på alle dei stakkerane frå andre plassa i landet – so sa at det vå SO mykje bedre i Bergen på 17. mai enn der so dei kom frå…

Nyt dagen, nyt at oss fær leve i et fritt og demokratisk land som he hatt grunnlov i 193 år i år – det e løv å ver patriotiske i dag. Oss he løv å vere stolte over å vere norske. Og forhåpentligvis kan oss få vere stolte over å vere godøyinga mæ – uansett ka hudfarge oss he og uansett ka dialekt oss snakka. Uansett om oss egentlig kjøme frå Giske eller Oslo eller ka det no måtte ver. I dag e oss alle nordmenn. I dag e oss alle godøyinga. Og forhåpentligvis kan oss få vere stolte over å bo på en plass der folk bry sej om kvarandre og der oss kan få vere ærlige med kvarandre. Gratulere me dagen!

*Nils-Ove Støbakk, 2007*