onsdag 26. mars 2008

Ekspedisjon Topptur på Godøya!

Underteikna vart sjølv forhindra frå å delta på denne legendariske ekspedisjonen, men det vart likevel dokumentert pr. fotoapparat.
Det majestetiske Storehornet bydde på snødekte skrentar og dramatiske stup, men alle kom seg relativt velberga ned, ifølge rapporten.

Følg linken under, til Maria&Pauli sin blogg, der ligg eit utvalg blinkskot frå turen!

http://mariapauli.blogspot.com/2008/03/topptur-p-godyfjellet.html

tysdag 25. mars 2008

Ekspedisjon Giske

Expedition Giske

Ein strålande soldag i påska tok ekspedisjonsteamet ein treningsekspedisjon på naboøya Giske.

Ein må vere i storform i tilfelle forholda legg seg til rette for ein storekspedisjon på sjølvaste Godøyfjellet, og dette var ei utfordring som passa høveleg bra.

Klikk på biletet for å komme til albumet.

søndag 9. mars 2008

Nybygg i nedre Leitebakk

I nedre del av Leitebakk tar det nye byggefeltet Kristiantun form. Det har no kome på plass 3 hus. Her er nokre bilde eg knipsa ein lettare skya laurdagsmorgon i mars.
(hadde eg venta et par tre timar hadde sola og den lett kvitklatta himmelen fått vore finare bakgrunn, men det blei no eingong ikkje slik;)


Dei nye husa på bakketoppen får seg ei flott utsikt over Breidsundet, og rett inn til Ålesund.

Her ser vi so vidt at det jobbast med den nye avdelinga på barnehagen.