søndag 9. mars 2008

Nybygg i nedre Leitebakk

I nedre del av Leitebakk tar det nye byggefeltet Kristiantun form. Det har no kome på plass 3 hus. Her er nokre bilde eg knipsa ein lettare skya laurdagsmorgon i mars.
(hadde eg venta et par tre timar hadde sola og den lett kvitklatta himmelen fått vore finare bakgrunn, men det blei no eingong ikkje slik;)


Dei nye husa på bakketoppen får seg ei flott utsikt over Breidsundet, og rett inn til Ålesund.

Her ser vi so vidt at det jobbast med den nye avdelinga på barnehagen.

Ingen kommentarer: