laurdag 24. mai 2008

West Coast Peaks!

Ikkje det at eg hadde høga tankar om meg sjølv som hverken fotograf eller turgåar, men ein ting er sikkert, og det er at min overmann i det å ta bilder av Godøya er funnen...
Arnt Flatmo er sannsynlegvis ein ganske normal kar, som liker godt å gå tur med hunden sin, Troll. Forskjellen mellom han og andre normale folk, er at han lufter hunden på mange forskjellige stader, og då meiner eg MANGE, og OFTE!
I tillegg er han ein kløppar til å ta bilder på turane sine. Godeste herr Flatmo har vore ein del turar på Godøya, og sannsynlegvis klivra opp fleire stader enn mange Godøyingar og.
På den fyldige heimesida si westcoastpeaks.com har han skreve mange gode referat frå turane sine, og det anbefalast på det sterkast å ta seg ein tur innom den sida!
Eg har fått lov å plukke bilder derifrå, for å krydre denne herlige bloggen, og det er eg veldig glad for! Hadde eg skulla tatt alle dei bilda på eiga hand hadde det blitt ein kjempejobb, men dette er ting som høyrer heime nettopp her ;)
Når eg får tid, skal eg legge ut fleire godbitar, men foreløpig har eg berre tatt eit rafs og valgt ut eit lite knippe...
Dei fleste bilda har ein liten beskrivande tekst i hjørnet, som forteljer litt om motivet.
Takk til Arnt Flatmo for flotte bilder!
(hugs at det går an å klikke på bilda for å sjå dei i større versjon..)


Her ser vi faktisk Veidar som legg ut på tur.







Og her er det Loran som skal ut på storhavet!

Jammen er det GODØYVEGGEN med flagg som skimtast på nedre langside!
Dette er faktisk frå serieåpninga i 2006 mot Stranda, ein kamp som enda 3-3;)


Skodde på Godøya?? Nei det har vi ik.. ikke sett..!
Godøya by night..
VAKKERT!:)

søndag 18. mai 2008

Nok ein stemningsrapport...






... frå Alnes, ein dag i mars 2008...

Apropos sikteskiva...

Eg fekk altså ikkje pjaska meg opp til avdukinga av sikteskiva på Hønnjet, men dette første bildet er faktisk frå FØR avdukinga, medan det andre er teke frå marka utføre huset der eg bur, midt under seremonien...




Herlig motiv, frå Kverve!

Endeleg hugsa eg å ta med kamera, og fekk foreviga den flotte øya vår frå ein ikkje so altfor vanleg vinkel:)

Ikkje beste kvaliteten på knipsinga, men fekk zooma litt inn på Leitebakk!

Godøyas første utedass!

Ja dette er bilder som eigentleg skulle vere med i posten "Fotosafari Januar", men det rann visst ut i sanden. Men det er altså eit bilde gjennom døra til den aller første utedassen på Gøyna, og den finn vi ved Høgstein Fyr, for den som måtte ha behov for å vete det...



Ole Johan, ferdig snart...

Ein maidag

Slik ser Sandvika ut ved fjøre sjø, no i mai....









Litt klivring uti utmarka på Ju...

Litt 17.mai bilder

Det vart ikkje mange bilda på meg, men her er eit lite utvalg av det EG rakk å få med på nasjonaldagen i år!


Stolte faneberarar i spissen for toget.

Flinke drillpiker


Det typiske mai-veret krevde både solbriller og paraply...

Her ser vi eit eksempel på ei svært lokal regnbyge.....

fredag 16. mai 2008

onsdag 14. mai 2008

torsdag 8. mai 2008

8. mai

Kva er vel betre enn å feire frigjeringsdagen med ein tur på Godøyfjellet? For eksempel Sløk først og krigsminnesmerket i skogen ettepå?

Den første boka på Sløk for 2008 er allereie oppbrukt, så ei splitter ny bok ventar på deg. Ikkje vent for lenge, Godøyfjellet vil gjerne ha akkurat DEG på besøk! Gjerne i dag :)

Fleire bilde av Sløk og krigsminnesmerket finn du her.

søndag 4. mai 2008

Folkefest på Storehønnjet

Vel 100 folk i alle aldrar var samla på Storehornet på Godøya søndag 4. mai. Då vart nemleg den nye sikteskiva på toppen avduka. Ho viser retning og avstand til andre øyar og fjelltoppar i området, så no skal det ikkje lenger vere tvil om kva det er du ser frå Godøyfjellet!

- Eit vellykka arrangement, seier Jan Dybvik frå Godøy og Alnes Lions Club. Det var Lions-klubben som tok initiativ til sikteskiva, som no er på plass med god hjelp frå velvillige sponsorar og ivrige dugnadsfolk.

- Tatt i betraktning at det var konfirmasjon rundt omkring, var det godt oppmøte. Nydeleg ver og fantastisk utsikt, rett og slett ein strålande dag på fjellet!

Bilda finn du her.