laurdag 24. mai 2008

West Coast Peaks!

Ikkje det at eg hadde høga tankar om meg sjølv som hverken fotograf eller turgåar, men ein ting er sikkert, og det er at min overmann i det å ta bilder av Godøya er funnen...
Arnt Flatmo er sannsynlegvis ein ganske normal kar, som liker godt å gå tur med hunden sin, Troll. Forskjellen mellom han og andre normale folk, er at han lufter hunden på mange forskjellige stader, og då meiner eg MANGE, og OFTE!
I tillegg er han ein kløppar til å ta bilder på turane sine. Godeste herr Flatmo har vore ein del turar på Godøya, og sannsynlegvis klivra opp fleire stader enn mange Godøyingar og.
På den fyldige heimesida si westcoastpeaks.com har han skreve mange gode referat frå turane sine, og det anbefalast på det sterkast å ta seg ein tur innom den sida!
Eg har fått lov å plukke bilder derifrå, for å krydre denne herlige bloggen, og det er eg veldig glad for! Hadde eg skulla tatt alle dei bilda på eiga hand hadde det blitt ein kjempejobb, men dette er ting som høyrer heime nettopp her ;)
Når eg får tid, skal eg legge ut fleire godbitar, men foreløpig har eg berre tatt eit rafs og valgt ut eit lite knippe...
Dei fleste bilda har ein liten beskrivande tekst i hjørnet, som forteljer litt om motivet.
Takk til Arnt Flatmo for flotte bilder!
(hugs at det går an å klikke på bilda for å sjå dei i større versjon..)


Her ser vi faktisk Veidar som legg ut på tur.







Og her er det Loran som skal ut på storhavet!

Jammen er det GODØYVEGGEN med flagg som skimtast på nedre langside!
Dette er faktisk frå serieåpninga i 2006 mot Stranda, ein kamp som enda 3-3;)


Skodde på Godøya?? Nei det har vi ik.. ikke sett..!
Godøya by night..
VAKKERT!:)

Ingen kommentarer: