søndag 4. mai 2008

Folkefest på Storehønnjet

Vel 100 folk i alle aldrar var samla på Storehornet på Godøya søndag 4. mai. Då vart nemleg den nye sikteskiva på toppen avduka. Ho viser retning og avstand til andre øyar og fjelltoppar i området, så no skal det ikkje lenger vere tvil om kva det er du ser frå Godøyfjellet!

- Eit vellykka arrangement, seier Jan Dybvik frå Godøy og Alnes Lions Club. Det var Lions-klubben som tok initiativ til sikteskiva, som no er på plass med god hjelp frå velvillige sponsorar og ivrige dugnadsfolk.

- Tatt i betraktning at det var konfirmasjon rundt omkring, var det godt oppmøte. Nydeleg ver og fantastisk utsikt, rett og slett ein strålande dag på fjellet!

Bilda finn du her.

Ingen kommentarer: