tysdag 25. november 2008

TTT

Ting Tar Tid...
Nokre ting tar også lengre tid enn andre!
Vi er framleis huslause, på eit vis, og derfor blir det ekstra labert på bloggefronten dessverre..

Men, ei lita oppdatering frå Valkvæ her:





torsdag 11. september 2008

Meir frå Westcoastpeaks

Då er det på tide med nye bilete frå den geniale sida Westcoastpeaks.com!
(Hugs at du kan klikke på biletet for å sjå det i større versjon)

Nok ein gong; takk til Arnt Flatmo for flotte bilete frå vår Herlige Godøy! :)





















fredag 5. september 2008

Expedition Alnesveien opp!

*Rapport kjem seinare. Bileta får tale si historie so lenge.... ;)












Litt bilder frå Herlige Sandvika


Sol, Sommer og Svett Surf i Sandvika!
Saftis, Smil og Solstol er Stikkord også ;)
.....

Sa eg "Sand"?







Expedition Hønnjahøla!

Her ser vi Alnesvatnet, og Storehønnjet til høgre i biletet.
Midt ute i vatnet har vi Kvia, der det er fint å fiske;)

I fleire år har eg sett oppover fjellsida mot varden på toppen, og skimta noko rart...


Eg har nemleg sett noko som kan minne om ei hole, midt oppe i den brattaste øvste delen av fjellsida der, og har lenge hatt lyst å sjekke om dette berre er ein skygge,
eller noko litt meir spanande...

Dette er teke frå der ein kjem opp frå Alnes. Ikkje lett å sjå noko hole herifrå...

Men her stend vi ute på Kvia, og frå denne vinkelen er det tydeleg
at det er noko "holeaktig" oppi der!
Til venstre i biletet ser vi ein skugge, men det svarte midt i...
DET er nok ikkje nokon skugge nei!

For å kome oss opp, valde vi å gå frå Dyb, eller Ju-sida...
Her peikar eg mot toppen, der varden er.
No i sommar sprang eg opp her på 26 minutt (røle røle)... :p


Men på veg opp, tok vi det denne gongen med ro,
og tok litt bilder av dei flotte omgivnadane.


Sola gjekk sakte men sikkert ned, medan vi rusla og tusla oss opp stien...

Aaaahhhhhhhhhhhhhhhh....................

Litt 80-tals posering...

Ord strekk ikkje til!


Her sit vi... Dagens expedissjn...
Vi har nådd Basecamp 1, og etter ein banan og ein skvett vatn,
legg vi ut på det som skulle bli den muligens mest farefylte og spanande expedisjonen til no...

Vi hadde kleia sopass lenge at vi ikkje lenger hadd fordelen av dagsljos...
Dette skapte eit faremoment i seg sjølv, då det viste seg å vere brattare enn brattast, på nordsida av Hønnjet...

Pga dårleg ljos, og åpenbare gode grunnar ti å bruke begge hendene til å klamre seg fast
i staden for å knipse bilete,
so eksisterar det dessverre ikkje mykje
fotodokumentasjon frå sjølve nedfarta.....

Men HER, stend sjølvaste expedisjonsleiaren og poserer stolt,
utføre det som viste seg å vere ei per definisjon; HOLE!
Over 2 meter høg ved inngongen, vel ein meter brei, og lengre enn ein skulle tru...
Av hemmelegstempla årsaker har expedisjonsstyret valt å halde noko av informasjonen hemmelegstempla, for å bevare litt av spaninga...

Men det skal seiast;
DETTE ER IKKJE FOR PINGLER
og smågutar.......

Turen i seg sjølv kunne ikkje vore betre planlagt.
Men pakkinga og valg av klokkeslett..
Vel, DEN kunne vel ha vore hakket betre...
Kven har forresten stole lommelykta mi?
Jaja...
Vi kom oss ned, praktisk talt i blinde...
Men vi er då ruttis som få so;)

Alnes i solnedgong...


Her ser dykk altså eit slags kart over nedfarta... Som føregjekk i bekmørket, uten noko form for kunstig ljos, og ei heller førehandskjennskap til dei geografiske forholda.
Not so smart, some would say...

MEN, vi er kjempefornøgde med nok ein suksess-prega expedisjon, og har allereie planar for neste utfordring. Den Herlige Godøya vår har nok av spanande expedisjonsmål, skjønar dykk ;)

Skal tru om det var her "Røvaren av Gøygarden" gøymde seg og byttet sitt?
Kanskje ligg det igjen ei brosje, ein gullring, ei osteklokke
eller kanskje eit økseskaft frå fordums tid??

Tida vil vise...

Følg med;)