tysdag 17. mars 2009

Litt lokalhistorie - KRL del 1

Losjar og fråhaldslag.

På 1800-talet hadde folk flest eit svært liberalt syn på alkohol. Sjølv haugianarane drakk alkohol, sjølv om dei aldri var fulle. Alkoholbruk var nokså vanleg på Godøya også. Det var vanleg å varme ein kjel med øl til karane kom frå sjøen. Men i 1880-90-åra byrja ein i kristen samanheng å åtvare mot alkoholen i mykje større grad enn før.

I 1906 vart det i Gøyna stifta ein losje som fekk namnet "Energi". Dei gav ut bladet "Forsøk" som var handskrive og kom ut i to årgangar. Laget stod ved lag fram til omkring 1930. Andreas O. Godø var leiar, og vart kalla "øvst templar". Det ser ut til at losjen og dreiv eit leselag som lånte ut bøker om alt frå naturfag til praktiske emne og fråhaldssak.

Det var også drive ein barnelosje på byrjinga av 1900-talet, og dei eldste hadde eit fråhaldslag som truleg var eldre enn losjen. Alle desse laga var med å gjere unge og eldre meir medvetne om kva skader alkoholen førde med seg, og ga dei i laga sosial trening.

Utdrag frå Magne Godøy sitt hefte:

"Kristne lag og organisasjonar på Godøy gjennom tidene"

Ingen kommentarer: