tysdag 17. mars 2009

Litt lokalhistorie - KRL del 3

Ungdomsforeiningar.

Første ungdomsforeininga vart stifte i 1915 og var knytt til Kinamisjonen, seinare Misjonssambandet. Foreininga blei stifta på grunn av ei vekkjing med Knut Leine. Ho hadde 30 medlemer i starten, og vart kalla Godø Kinaforeining. Dei samla inn pengar til misjonen og hadde stundom besøk av tilreisande talarar.

I 1918, då Spanskesykja herja som verst, opplevde ein ei ny vekkjing på øya med talaren Lars Lid. Då vart ei ny foreining med basis i Indremisjonen stifta. Etterkvart gjekk begge desse foreiningane i oppløysing, og først i slutten av 1930-åra gjekk lærar Jakob Rørvik og mellom anna Rolf Godøy saman og stifta Godøy Kristelege Ungdomsforeining. Dei heldt som oftast møta i heimane, og dei arrangerte konfirmantfest på bedehuset. Krigen, då mellom anna Jakob Rørvik måtte røme til England, gjorde at foreininga vart nedlagd.

Etter dette gjekk det mange år før ein gjorde eit nytt forsøk på stifting av ei slik foreining, men i desember 1974 tok Petter Godø eit nytt initiativ. Dette førte til skiping av Ung Misjon for Godøy og Alnes knytt til Det Norske Misjonsselskap.

Godøy Søndagsskule.

Tanken om søndagsskule dukka visstnok første gong opp i byen Cloucester i Storbritannia i 1770. Ideen kom til Noreg først 40-50 år seinare. Den første ordinære søndagsskulen vart skipa i Stavanger 10. august 1844. På Sunnmøre var det først i 1882 den første søndagsskulen vart skipa i 1882. Norsk Søndagsskuleforbund vart skipa i 1889, og Sunnmøre Søndagsskulekrins i 1897.

På Godøya vart søndagsskulen skipa i 1898. Skipingseremonien gjekk føre seg på det vesle skulehuset i Gøygarden. Her gjekk søndagsskulen føre seg dei første 4 åra. Då bedehuset vart bygd i 1902 vart han flytta hit. Det var møte kvar søndag kl. 14.00. Alle frå dei minste til dei som var i konfirmasjonsalderen var i ei gruppe. Pionerane var Ramo-Ole, Rasmus-Andreas, Øvste-Olmann-Ole og lærar P.E. Skjong

Ingen kommentarer: