tysdag 17. mars 2009

Litt lokalhistorie - KRL del 5

Godøy bedehus.

I 1880-åra gjekk det stor vekkjingar over Vestlandet som førte til at det grodde opp bedehus i mange bygder. Dei gamle skulehusa vart for tronge til større samlingar, og i kyrkjene slapp ikkje utan vidare lekfolket til.

På Godøya hadde dei ofte nytta eit stort trandamperi i Paulsneset til møtelokale, men i 1890-åra kom planane om bygging av bedehus fram. Samrådingsmåta vart haldne i det gamle skulehuset i Gøygarden, og folket var samde om å bygge eit hus. Det var skrive kontrakt med Aalesunds Bygnings- og Trævareforretning 9. desember 1901. Det skulle koste kr 2100,-. Bedehuset skulle stå ferdig i august 1902, og slik gjekk det visst. Det første rekneskapet ein finn er frå 1910.

I 1915 heldt det på å gå gale med huset. Midt under ei gravferd byrja det å brenne i bedehuset, og fordi det rann ei elv like forbi huset, greidde ein å sløkke brannen. Det var nokre smågutar som hadde leika seg med eld.

Huset vart kjært for folket på øya. Mange fekk ugløymande minne frå samlingar der, både julefestar, basarar eller møte. Her kunne det skje litt av kvart, som at ein av gamlekarane spytta på golvet og strauk klysene utover med foten, eller at ein reiste seg midt under talen for å spytte snus og skrå inn i elden i omnen så det fræste. Ver og vind hindra ikkje folk når dei skulle til bedehuset. Dei måtte nytte føtene for her var ingen bilar.

Sommaren 1916 var Prof. Hallesby i Ålesund, der nokr karar frå Gøyna høyrde han. Dei inviterte han ut hit, og dagen etter vart han hente med Jakob O. Godø sin båt "Argus" og teke att og fram. Han tala over emnet "Herre, lær oss å be". Det vart teke opp kollekt til Kristeleg Gymnasium.

Bedehuset vart nytta til ulike føremål, både for å vise fram den nye Mjelva-komfyren og ei tid som skule. Det var småklassene som fekk undervisning her frå si lærarinne Helbostad, fordi det ikkje var plass i gamleskulen ved Brungot.

Bedehuset vart etterkvart for lite, men først i 1952 vart arbeidet med nytt bedehus sett i gang. Johan Furnes var formann i byggenemnda, og la ned eit stort arbeid. Huset stod ferdig sommaren 1953 og vart seinare same år også vigsla til kyrkjeleg bruk. Dette nye bedehuset kosta kr 148 000,-. Det var på denne tida eit av dei finaste og mest moderne bedehusa på Sunnmøre.

Ingen kommentarer: