tysdag 17. mars 2009

Litt lokalhistorie - KRL del 4

Barneforeiningar.

To slike står i ei særstilling. Det er "Solstrålen" og "Sneklokken". Ein er ikkje heilt sikker på kven av desse to som er eldst.

Sneklokken vart stifta av Gina Støbakk den 11.11.1914. Ho samla 17 barn rundt seg heime og stifta foreininga. Ho fekk etter kort til tilknytning til Frikyrkja. Årsaken til at foreininga vart stifta var mellom anna Laurits Dyb, ein tidlegare kystlos, som no reiste på heiltid i misjonen. På ein tur til Godøya i 1914 tala han sterkt Frikirkens Finnmarksmisjon si sak. Foreininga vart den første støtteforeininga til den første barneheimen i Alta.

Foreininga hadde sine samlingar og sine årvisse basarar. Oftast kom det inn mellom 100 og 300 kroner på desse basarane. Dei vart haldne på skulen.

Solstrålen finn ein først noko skrive om i 1922, men ein veit at ho då hadde vore i drift i fleire år. Birgitte Godø frå Oppigard stifta foreininga. Det var ei jenteforeining der ein kunne gå fram til konfirmasjonen. Dei var tilknytta Norsk Misjonsselskap. Dei støtta mellom anna Sunnmøre Barneheim i Ørsta, som Sunnmøre Indremisjon bygde i 1922. I 1923 tok Hansine Godø og Ragna Godø over etter Birgitte. Ragna var leiar til 1947

Ingen kommentarer: