tysdag 17. mars 2009

Litt lokalhistorie - KRL del 2

Misjonsorganisasjonane.

Det Norske Misjonsselskap: Det vart starta foreininga for denne misjonen på Godøya omkring 1857-1862. Det var ein mann frå Gjuv, som heitte "Juss-Didrik", som tok initiativ til denn misjonsforeininga. Kona til fyrvoktaren på Hogsteinen, som kom frå Dalsfjorden der ein allereie hadde stifta slike foreiningar, hadde tidlegare kome til "Juss-Didrik" med ideen. Men på denne tida måtte ein mann ta initiativet om det skulle bli noko!

Dei hadde første åra møte omkring i heimane. Då skulen var ferdig i 1871 flytta dei møta til loftet her. Fyrvoktar Mork laga eit bord og to benkar som dei hadde på skuleloftet. Ein har ei misjonsbøsse med inskripsjonen 3. november 1862 og "Gud elsker en glad giver", og denne datoen reknast difor som skipingsdag. Dei samla inn pengar på mange måtar mellom anna med misjonsgarn og misjonslam. Dette var garn der fangsten gjekk til misjonen, og lam som vart selde på basar.

Norsk Luthersk Misjonssamband: Etter vekkjinga med Knut Leine frå Kinamisjonen i 1914 vart "Godøens Kvindeforening for Kinaforbundet" skipa. Skipingsmøtet vart halde i fyrvaktarstova på Hogsteinen, og dei var 21 medlemer i starten. Dei heldt basarar på bedehuset fram til 1920 og seinare på skulen. Utlodningane vart ofte lagd til vaktarbustaden på Hogsteinen. Basarane starta ofte på føremiddagen og varte utover dagen, gjerne med tale på ettermiddagen og slutt i nonstida.

Sjømannsmisjonen: Den sterke tilknyttinga til sjøen på Godøya førte til at ein tok opp arbeid for sjømannsmisjonen. Denne misjonen skulle syte for sjøfolk i framande hamner. Det var losen Johan Martinussen Godø, som på Godøya berre vart kalla for " han los", som stifta arbeidet for denne misjonen her ute. Dette skjedde i 1904, og foreininga fekk namnet "Godø og Dybs Indre Sjømannsforening". Dei samla inn pengar til fiskarheimane og barneheimar for fiskarbarn. Denne foreininga hadde også sine årvisse basarar.

Etter vekkjinga i 1914 vart det også skipa ei foreininga for Den Ytre Sjømannsmisjon, og etterkvart gjekk den gamle og den nye foreininga saman til "Godøy Sjømannsforeining", der Oline O. Godø vart vald til leiar, eit verv ho hadde i 35 år.

Santalmisjonen: Ein haustdag i 1929 gjekk to mann frå Gøygarden utover mot flotane sterkt gripne av misjonstanken. Ein reisesekretær frå Santalmisjonen hadde nett hatt møter og fortald om misjonsarbeidet i India. Desse to karane var Jakob O. Godøy og Mattæus Lyngstad som var på veg til Nikoline Godøy på Flotane, som og var gripe av dei same tankane. Etter ei samråding førte dette til skiping av Godøy Santalmisjon 14. november 1929. Møta vart den første tida ofte haldne i storstova på Flotane, der ein gjerne las frå "Santalen" eller "Evangelisten". Nikoline Godøy var leiar av foreininga fram til 1943, då Johanne Dyb tok over

Ingen kommentarer: